Gloppen kommune
Konsulenttenester – Brannteknisk dokumentasjon
Gloppen kommune skal inngå rammeavtale med éin leverandør om kjøp av konsulenttenester. Oppdraget omfattar utarbeiding av brannteknisk dokumentasjon for kommunale bygg.
Anskaffinga er estimert til 1 200 000 kr ekskl. mva. Beløpet er eit anslag og ikkje bindande for oppdragsgjevar.
Oppdraget gjeld kommunale bygg der brannteknisk dokumentasjon heilt eller delvis manglar. Omfanget vil variere frå bygg til bygg. Tenesta kan omfatte tilstandsanalyse, brannteikningar, orienteringsplanar og rømningsplanar. Planteikningar kan vere aktuelt for enkelte bygg og skal prisast som opsjon.
Kvar bestilling frå oppdragsgjevar skal spesifisere kva leveransar som skal utførast. Leverandøren skal utarbeide ein handlingsplan med prioritert gjennomføring og tilhøyrande kostnadsoverslag for kvart bygg og kvar leveranse.
Tre månadar er standard leveringsfrist per avrop, avhengig av kompleksitet, dersom ikkje anna er avtalt
Avtalen vert inngått for to år, med opsjon på forlenging i eitt år. Oppdragsgjevar bestiller tenester etter behov. Avtalen vert automatisk forlenga dersom han ikkje vert sagt opp seinast tre månader før utløpet av avtaleperioden.
Avtala inneber ikkje kjøpeplikt, men regulerer vilkåra for leveransar i avtaleperioden. Leveransane skjer fortløpande, og kvar bestilling får eigen framdriftsplan innanfor avtalt leveringstid.
Del 1: Kjøper
Del 2: Prosedyre
Del 5: Delkontrakt
Del 8: Virksomheter
Kunngjøringsinformasjon
Logg inn for å se gjennomgangen
Innlogget får du sammendrag, kvalifikasjonskrav, krav til tilbudet, tildelingskriterier, viktige kontraktskrav, forbehold ved utdraget og «verdt å avklare med oppdragsgiver» — hentet ut av konkurransegrunnlaget. Kunngjøringsteksten fra Doffin over er åpen for alle.
Kurs og rådgivning fra redaksjonen
Gratis fagmøte – 30 minutter digitalt om aktuelle anskaffelsestemaer.
Se datoer →Kurs: Hvordan vinne anbud – praktisk kurs for deg som skriver tilbud.
Les mer →Rådgivning
Ta kontakt →Levert av FOA – Forum for offentlige anskaffelser · Data fra Doffin og TED.