Stad kommune
Utskifting av luft-vatn-varmepumpe ved Selje skule
Bakgrunn
Stad kommune vart oppretta 1. januar 2020 ved samanslåing av Eid kommune, Selje kommune og Bryggja. Stad kommune har ca. 9.500 innbyggjarar. Nordfjordeid er administrasjonssenteret i Stad kommune. I den ytre delen av kommunen ligg Stadtlandet med dei to tettstadane Leikanger og Selje. For meir informasjon om kommunen sjå www.stad.kommune.no
Stad kommune skal skifte ut eksisterande luft-vatn-varmepumpe ved Selje skule. Dagens varmepumpe er ved slutten av sin tekniske levetid og har behov for utskifting.
Eksisterande varmepumpe er plassert på tak over Fløy F. Akkumulatortank og vekslar er plassert nede i kjellar i varmesentralen. Anlegget leverer varme til seks av skulens fløyar, Fløy A til F, via ventilasjon, radiator, gulvvarme og tappevann. Sjå kravspesifikasjon for minimumskrav til leveransen.
Anskaffinga skal bidra til stabil og driftssikker oppvarming av skulen, samstundes som energibruken blir redusert og at løysinga krev lite vedlikehald. I tråd med kommunen sine mål om berekraftige og kostnadseffektive innkjøp er det ønskjeleg med ei løysing som gir god energieffektivitet og gode miljøeigenskapar over tid.
Den nye varmepumpeløysinga må tilpassast eksisterande tekniske installasjonar og bygningsmessige forhold, mellom anna dagens røyrføringar, distribusjonssystem samt krav til utandørs plassering og støynivå.
Skildring av oppdraget
Oppdraget omfattar ei komplett nøkkelferdig leveranse for utskifting av eksisterande luft-til-vatn-varmepumpe ved Selje skule. Leveransen skal omfatte levering og montering av ny varmepumpe, tilpassa det eksisterande varmeanlegget ved skulen og dei tekniske føresetnadene elles.
Anskaffinga inkluderer demontering av eksisterande anlegg, bortkøyring og miljømessig forsvarleg avhending, naudsynte elektro- og røyrarbeid, tilkopling mot eksisterande system, samt innregulering, testing og idriftsetjing.
Den nye løysinga skal gi stabil oppvarming, høg driftstryggleik, lågt støynivå og betre energieffektivitet. Det vert etterspurt ei varmepumpeløysing med miljøvenleg kuldemedium, god verknadsgrad også ved låge utetemperaturar og høg årsvarmefaktor til bruk i skulebygg.
Leveransen skal òg omfatte naudsynt opplæring, FDV-dokumentasjon og overlevering til driftsorganisasjonen.
Del 1: Kjøper
Del 2: Prosedyre
Del 5: Delkontrakt
Del 8: Virksomheter
Kunngjøringsinformasjon
Logg inn for å se gjennomgangen
Innlogget får du sammendrag, kvalifikasjonskrav, krav til tilbudet, tildelingskriterier, viktige kontraktskrav, forbehold ved utdraget og «verdt å avklare med oppdragsgiver» — hentet ut av konkurransegrunnlaget. Kunngjøringsteksten fra Doffin over er åpen for alle.
Kurs og rådgivning fra redaksjonen
Gratis fagmøte – 30 minutter digitalt om aktuelle anskaffelsestemaer.
Se datoer →Kurs: Hvordan vinne anbud – praktisk kurs for deg som skriver tilbud.
Les mer →Rådgivning
Ta kontakt →Levert av FOA – Forum for offentlige anskaffelser · Data fra Doffin og TED.