Aukra kommune
Markedsdialog: Opplærings- og omsorgstenester for barn og unge
Aukra kommune inviterer leverandørar til skriftleg marknadsdialog i samband med ei planlagd anskaffing av opplærings- og omsorgstenester for barn og unge. Kommunen ønskjer innspel frå marknaden om korleis tenester innan avlasting og alternativ læringsarena kan organiserast og gjennomførast på ein trygg, fleksibel og fagleg forsvarleg måte.
Føremålet med dialogen er å få betre innsikt i kapasiteten i marknaden, aktuelle samarbeidsmodellar, lokaler og bemanning, og korleis leverandørane kan leggje til rette for tett samhandling med kommunen og føresette. Kommunen ønskjer også å få belyst korleis helsefagleg- og pedagogisk kompetanse kan inngå i tenestetilbodet, og korleis desse kompetanseområda kan utfylle kvarandre for å sikre heilskapleg oppfølging av det enkelte barnet eller den enkelte ungdommen.
Aukra kommune ønskjer òg å få betre forståing av korleis tilbod kan tilpassast barn og unge med samansette og varierande behov, mellom anna behov for skjerma og praktisk retta læringsarenaer. Det er viktig å få fram korleis tilboda kan kombinere omsorg, meistring, læring og individuell tilrettelegging, med utgangspunkt i behova og føresetnadene til det enkelte barnet eller den enkelte ungdommen.
Leverandørar som har erfaring med, eller interesse for, å levere slike tenester, blir oppmoda om å delta og svare på spørsmåla i skjemaet. Innspela vil gi Aukra kommune eit betre grunnlag for å vurdere korleis ei eventuell anskaffing bør innrettast.
På bakgrunn av dei mottatte skriftlege innspel kan det bli aktuelt for kommunen å invitere leverandørar til individuelle dialogmøte for å utdjupe eller klargjere informasjon
Del 1: Kjøper
Del 2: Prosedyre
Del 3: Del
Del 8: Virksomheter
Kunngjøringsinformasjon
Logg inn for å se gjennomgangen
Innlogget får du sammendrag, kvalifikasjonskrav, krav til tilbudet, tildelingskriterier, viktige kontraktskrav, forbehold ved utdraget og «verdt å avklare med oppdragsgiver» — hentet ut av konkurransegrunnlaget. Kunngjøringsteksten fra Doffin over er åpen for alle.
Kurs og rådgivning fra redaksjonen
Gratis fagmøte – 30 minutter digitalt om aktuelle anskaffelsestemaer.
Se datoer →Kurs: Hvordan vinne anbud – praktisk kurs for deg som skriver tilbud.
Les mer →Rådgivning
Ta kontakt →Levert av FOA – Forum for offentlige anskaffelser · Data fra Doffin og TED.